Hunder som halter og folk som kverulerer.

Det første er heilt klart å foretrekke for det kan ordnast med ein tur til dyrelege for røntgenbilete og
medisin. Kroniske kverulanter er det derimot verre med.

Men først litt regning:
Rexn er 9 1/2 år no. Eg har hatt han sidan han var kvalp. Utanom å vere matfar til denne staslige karen jobber eg skift i helsevesenet og har ein del dager i året der andre må passe han. Det vert stort sett pappa og det er ei ordning de trives med begge. Nuvel…
image

9,5 år * 230 dager * 10 = 21850 km. Pluss nokon tusen km som fattern har gått. Kan bli litt slitasje på ein stor hund det. Men litt medusin og ro og fred  kan gjere underverker for ein gammel hedershund.

Kva er medisinen for kroniske kverulanter? Eg går aldri av vegen for ein diskusjon om ein person eller eit tema. Ofte handler det om politikk. Lokalt eller på riksplan. Men det er fascinerende med folk som hiv seg utpå med ei bestemt meining om noko uten å bakgrunnsjekke. Då skjer eit av to: eg plukker resonementet frå kvarandre eller eg lar han seire i sin uvitenhet.
Det første er ganske gøy. De blir
rasende, hevar stemma, begynner med personangrep eller lirer av seg ein tirade om min politiske ståstad. Og det er litt fascinerende…det er som om det er godt å få det ut. Sjølv om det er “godagmannøkseskaft”.
Å teie er det klokaste for freden rundt bordet. Men vedkommande trur i sin vilfarelse at han har peilingen. Til slutt er det ingen som deltar.
Det høyrer med til historia at då eg spurde vedkommande kva parti han stemte vart han svar skyldig. Han stemte ikkje ein gong blankt. Det er nesten så han ikkje burde åpne munnen i det heile tatt.

1 thought on “Hunder som halter og folk som kverulerer.

Leave a comment