Lat sommer?

Eg har ein i overkant nevenyttig svoger.  Det resulterer i å iverksette eit prosjekt me egentlig skulle ha byrja på i fjor. Kledning,  sponplater og isolasjon vert til eit etterlengta påbygg på hytta. Leiv snikrer og eg bærer. I varmen. Kiloene renner av og med dette tempoet er eg snart like slank igjen som før eg vart sjuk i vinter. I mellomtida har pensjonisten min late dager i skyggen.

image

I morgen reiser eg til Berlin. Ny by og nye puber og restauranter å oppleve 🙂

Den viktige telefonen

Det ringer i ein telefon. Ringelyden er så høg at samtlige passasjerer i salongen høyrer den. Ein intens, skingrende lyd som overdøyver all anna kommunikasjon mellom folk.

Det er sikkert fra hans kone. Ho lurer på når han er heime igjen på Våland. Oss andre har behørig notert tidspunkt og reiseruta han så generøst deler, i tilfelle han sku ha glømt det når fergeturen er over.

Eg prøver å konsentrere meg om Dagbladet igjen. Telefonen ringer på ny.

Folk flest…

-Vår kristne kulturarv vert ødelagt.

Dette i følge partiet for folk flest. Dei er seriøst opptatt av at vår norske kristne kulturarv vert videreformidla av NRK. I desse dager er den sedvanlige adventserien i gang på statskanalen.  I år som alle andre år sitt borna klistra og ser på. Julebudskapet vert formidla, det kristne er meir eller mindre fraværende. Og slik har det vel alltid vore. Jens Petrus var ikkje særlig geistlig av seg, ei heller blånissene. Dei litt eldre ser på reprisen frå TV2.

Øy! Reprise? Det er jo den innovative mediekanalen tv2. Der er det jo nyskaping rundt kvar ein sving. Sjå berre på alle dei spanande programma som har halde folk klistra til skjermen kveld etter kveld. Skal vi danse, Farmen, norges flinkeste, norges lengste…lista er lang over god norsk kveldsunderholdning.

Tilbake til partiet for folk flest. Skapkristne, det er det dei er. Bruker religion når det måtte passe for å få omtale. Den norske folkesjelen er ikkje særleg geistlig av seg. Men det treffer eit ømt punkt denne høgtida. Det veit partiet å nytte seg av.

Det ironiske er at de vil selge nrk og avvikle lisensen. Men mediemakt vil dei framleis ha.

Hunder som halter og folk som kverulerer.

Det første er heilt klart å foretrekke for det kan ordnast med ein tur til dyrelege for røntgenbilete og
medisin. Kroniske kverulanter er det derimot verre med.

Men først litt regning:
Rexn er 9 1/2 år no. Eg har hatt han sidan han var kvalp. Utanom å vere matfar til denne staslige karen jobber eg skift i helsevesenet og har ein del dager i året der andre må passe han. Det vert stort sett pappa og det er ei ordning de trives med begge. Nuvel…
image

9,5 år * 230 dager * 10 = 21850 km. Pluss nokon tusen km som fattern har gått. Kan bli litt slitasje på ein stor hund det. Men litt medusin og ro og fred  kan gjere underverker for ein gammel hedershund.

Kva er medisinen for kroniske kverulanter? Eg går aldri av vegen for ein diskusjon om ein person eller eit tema. Ofte handler det om politikk. Lokalt eller på riksplan. Men det er fascinerende med folk som hiv seg utpå med ei bestemt meining om noko uten å bakgrunnsjekke. Då skjer eit av to: eg plukker resonementet frå kvarandre eller eg lar han seire i sin uvitenhet.
Det første er ganske gøy. De blir
rasende, hevar stemma, begynner med personangrep eller lirer av seg ein tirade om min politiske ståstad. Og det er litt fascinerende…det er som om det er godt å få det ut. Sjølv om det er “godagmannøkseskaft”.
Å teie er det klokaste for freden rundt bordet. Men vedkommande trur i sin vilfarelse at han har peilingen. Til slutt er det ingen som deltar.
Det høyrer med til historia at då eg spurde vedkommande kva parti han stemte vart han svar skyldig. Han stemte ikkje ein gong blankt. Det er nesten så han ikkje burde åpne munnen i det heile tatt.